Mattradisjon gjennom generasjoner

Det er dyra det hanler om

På beite

Spælsauen

Den er ein godlynt, intelligent rase som har eit utprega godt morsinstinkt, lite lammevansker og god mjølkeevne

Skotsk høylandsfe

Skotsk høylandsfe er kjent for å vera ein nøysam rase, med ei særleg utvikla evne til å klara seg på næringsfattig kost

Kva driv vi med ?

Smaken sit i råvarene

Kva er spekemat?

Spekemat er salta, spekede eller tørka heile kjøttstykke som kan vera røykte eller urøkt, til dømes fenalår og spekeskinke. Spekepølse er produkt med hakket eller kverna renskåret kjøtt og feitt, tilsett krydder. Det finst òg variantar med innmat og blod. Mange brukar spekemat som pålegg, eller et det til potetsalat og anna godt tilbehøyr

Spekemat er ein gammal tradisjon

Å speka betyr å tørka, og er den eldste forma vår for konservering av kjøtt. Før i tida var det små moglegheiter for å ta vare på ferskt kjøtt. Etter slakting om hausten vart kjøtt salta – nokon gonger òg røykt. Deretter vart det hange til tørk fram til det var ferdig i mai. Spekematen vår er tufta på generasjonar av god norsk mattradisjon

Pinnekjøtt urøkt på tradisjonelt vis

Pinnekjøtt urøkt blir produsert på tradisjonelt vis hos Fatland av lamma våre. Sidestykke av lam blir gnidne inn med salt og litt sukker. Dei blir deretter lagde i saltlake før dei blir tørka. Vårt urøkte pinnekjøtt er pakka slik at ubrote forpakning kan takast vare på i romtemperatur opptil 22 grader, bør ikkje ligga i lys. Tilrår å frysa pinnekjøttet ved lengre oppbevaring

Tilbereding av urøkt pinnekjøtt

Pinnekjøtt bør vatnast ut i 16-20 timar i rikeleg med kaldt vatn. Skift gjerne vatna ein gong. Kjøttet blir dampa på bjørkepinner eller rise, med litt vatn i botnen. Pass på at ikkje pinnekjøttet koker tørt. Damp pinnekjøttet til det slepper frå beina og er mørt. La gjerne kjøttet dampa litt ekstra, slik at du får endå meir smak. Bruk sjyen som smaksforsterker i rot stappen og som saus til det urøkte pinnekjøttet. Hugs å forvarme tallerkenen før servering

Fenalår

Fenalår urøkt blir produsert på tradisjonelt vis hos Fatland av lamma våre. Låra blir lagde i saltlake før dei blir hangne til tørk i sju veker. Blir deretter vakuum pakka, dette for å unngå forureining på Fenalårene. Etter kjøp blir tatt plasten av og blir hangen tørt for vidare speking og sjølvsagt spising

Vi utfordrer tradisjonene

Sjølv om det alltid vil vera våre stolte trasisjonar som ligg til grunn for alle varer leverte frå Fladene Gard, er vi ikkje redd for å utfordra tradisjonane. Val av skotsk høylandsfe som ein ny tradisjonsberar er eit godt døme på dette. Etterkvart vil nok nye produkt dukka opp. Ein ting vil vi nok uansett alltid vera tru mot, og det er at smaken sit i gode råvarer

Alle produkta våre kan sporast tilbake til Fladene gard's eigna beitar her i Bjerkreim

Vi på Fladene gard set vår stolte tradisjon i å kunna tilby kundane våre produkt som alle har solide røter i generasjonar med kunnskap om foredling av mat tufta på den renhet og berekraft som livet her i Bjerkreim gir oss